Personvernerklæring
Når du lagar ei framtidsfullmakt hos oss, gir du oss opplysningar om deg sjølv og om personar du stolar på. Her forklarer vi kva vi gjer med dei. Kort sagt: vi spør berre om det dokumentet treng, vi krypterer svara, og vi slettar dei kort tid etter at du har fått dokumentet.
Sist gjennomgått November 16, 2026
Kven som er ansvarleg
Torstensen Digital ENK er behandlingsansvarleg for opplysningane på denne nettsida. Føretaket er eigd av Stener Torstensen, som også er den du kontaktar om personvern.
- Org.nr. 938 016 992
- Adresse: Havnevegen 203, 7550 Hommelvik
- E-post: stener123@gmail.com
Det viktigaste
- Vi spør aldri om fødselsnummer eller helseopplysningar.
- Svara dine blir krypterte og lagra i EU.
- Svara blir sletta 30 dagar etter at du har fått dokumentet.
- Vi tel besøk utan informasjonskapslar og lagrar ingenting på eininga di. Vi bruker ingen annonseverktøy.
- Vi sel ikkje opplysningane dine.
- Ingen kunstig intelligens (KI) les eller skriv i svara dine.
Kva vi samlar inn, og kvifor
- Når du betaler: Betalingssida til ReAI ber om namn, e-post, telefonnummer og adresse. Bestillinga viser også kva du kjøpte, prisen, tidspunktet, bestillingsnummeret vårt og samtykket du kryssa av for om angrerett. Vi bruker dette til betaling, rekneskap, til å sende deg dokumentet og til å vise at du samtykte.
- Når du svarar på spørsmåla: namnet til den som lagar fullmakta, namna til fullmektigar og reservefullmektigar, personar som skal varslast eller få rekneskap, vala dine og det du skriv i tekstfelta, til dømes kven som skal få gåver. Vi bruker dette berre til å lage dokumentet.
- Når du sender oss e-post: e-postadressa di og det du skriv. Vi bruker det til å svare deg.
- Når du besøkjer nettsida: Cloudflare, som driv nettsida for oss, registrerer tekniske opplysningar i driftsloggar. Det kan vere IP-adresse, nettlesar og kva side du besøkte. Vi bruker loggane til å halde nettsida trygg og rette feil.
- Besøksstatistikk: kva side du opnar, namnet på nettstaden du kom frå (til dømes facebook.com), kampanjemerka i lenkja dersom ho har nokon (utm_source, utm_medium og utm_campaign), om du trykkjer på ein «Kjøp»-knapp, og om du startar filmen på framsida og ser han halvvegs eller heilt ut. Vi bruker det til å telje besøk og sjå kva kanalar som gir besøk og sal. Meir om dette under «Besøksstatistikk utan informasjonskapslar».
Vi spør aldri om fødselsnummer. Linjene for fødselsnummer står tomme i dokumentet, og du fyller dei inn for hand. Fødselsnummer kan berre brukast når det er sakleg behov for sikker identifisering (personopplysningslova § 12), og det treng vi ikkje for å lage dokumentet.
Vi spør heller ikkje om helse. Ved tekstfelta ber vi deg om ikkje å skrive helseopplysningar.
Vi får ingen opplysningar om vitna. Dei skriv namn, fødselsdato og adresse for hand på papiret.
Opplysningar om andre enn deg
Ei framtidsfullmakt nemner personar du har valt, som fullmektigar og reservefullmektigar. Hjelper du mor eller far, er det også dei fullmakta handlar om. Vi bruker desse namna og det du skriv om dei berre til å lage dokumentet, og vi slettar dei på dei same fristane som resten av svara. Fortel gjerne dei du nemner, at du lagar ei framtidsfullmakt.
Kva som gir oss lov
Personvernforordninga (GDPR) gjeld som norsk lov. Vi handsamar opplysningar på desse grunnlaga i artikkel 6 nr. 1:
- Avtalen med deg (bokstav b): betaling, å lage og levere dokumentet, og å svare på spørsmål om bestillinga.
- Plikt etter lova (bokstav c): bestillinga og betalinga er ein del av rekneskapen, og bokføringslova § 13 krev at rekneskapen blir oppbevart.
- Berettiga interesse (bokstav f): namna på andre personar i fullmakta, som du treng for å få dokumentet du ber om. Driftsloggar for å halde nettsida trygg. Å kunne vise at du samtykte til at angreretten går tapt ved levering. Og besøksstatistikken, som viser oss om nettsida når fram og kva kanalar som er verde å bruke tid på.
Besøksstatistikk utan informasjonskapslar
Vi vil vite kor mange som besøkjer nettsida, kvar dei kom frå, kor mange som trykkjer «Kjøp», kor mange som ser filmen på framsida og kor mange som betaler. Slik tel vi:
- Vi set ingen informasjonskapslar og lagrar ingenting i nettlesaren din. Når du opnar ei side, sender nettlesaren ei kort melding til vår eigen tenar med opplysningane over. Meldinga har ingen kode eller ID som skil deg frå andre.
- For å telje ulike besøkjande kvar dag reknar tenaren ut ein kode av IP-adressa di, namnet og versjonen til nettlesaren, namnet på nettsida, datoen og ein løyndeleg nøkkel som er ny kvar dag. Koden kan ikkje reknast tilbake til IP-adressa. Vi lagrar berre koden, aldri IP-adressa eller namnet på nettlesaren.
- Koden gjeld berre éin dag. Neste dag får du ein ny, så vi kan ikkje følgje deg frå dag til dag. Natta etter byter vi koden ut med eit løpenummer for den dagen.
- Går du til betaling, lagrar vi saman med bestillingsnummeret kva kanal og kva side du kom inn på tidlegare same dag. Slik ser vi kva kanalar som gir sal. Vi lagar ingen profil av deg og bruker det ikkje til noko anna.
- Vi tel ikkje besøk på bestillingssidene eller administrasjonssida, og vi ser bort frå kjende robotar.
- Statistikken blir lagra i databasen vår i EU, og vi deler han ikkje med nokon.
Grunnlaget er berettiga interesse (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f). Teljinga lagrar ingenting på eininga di og bruker berre det nettlesaren uansett sender når du opnar ei side. Derfor ber vi ikkje om samtykke. Vil du ikkje bli talt, kan du protestere på e-post. Vi kan ikkje finne att besøka dine etter at dagen er over, men vi kan fjerne kanal og side frå bestillinga di.
Kryptering og lagring i EU
- Svara dine blir krypterte (AES-256-GCM) før dei blir lagra. Nøkkelen blir oppbevart åtskilt frå databasen, så den som berre har databasen, kan ikkje lese svara.
- Databasen er Cloudflare D1, låst til EU: han køyrer og lagrar data berre i EU.
- Berre Stener Torstensen kan lese svara, etter innlogging, for å sjå over dokumentet før det blir sendt.
- Vi lagrar ikkje e-postadressa di i vår eigen database. Når dokumentet skal sendast, hentar vi ho frå bestillinga i ReAI.
- Av nedlastingslenkja lagrar vi berre eit fingeravtrykk (ein hash), ikkje sjølve lenkja.
- PDF-filene blir laga i nettlesaren din når du opnar lenkja. Vi lagrar ikkje filene.
Sjølve nettsida blir levert frå nettverket av datasenter som Cloudflare har i mange land, også utanfor EU og EØS. Cloudflare er eit amerikansk selskap. For overføringar ut av EØS bruker Cloudflare standardavtalane til EU og er sertifisert under EU–US Data Privacy Framework.
Kor lenge vi lagrar opplysningane
- Svara dine: blir sletta 30 dagar etter at dokumentet er levert.
- Svar som aldri blir leverte: blir sletta 60 dagar etter at du sende dei inn.
- Ei betalt bestilling som ikkje er fylt ut: blir sletta når kjøpet er refundert, seinast 90 dagar etter kjøpet.
- Nedlastingslenkja: sluttar å verke etter 7 dagar.
- Etter slettinga står berre bestillingsnummeret, status og datoar att hos oss, utan namn og utan svar.
- Bestillinga i rekneskapen (hos ReAI): fem år etter utgangen av rekneskapsåret, som bokføringslova § 13 krev.
- Driftsloggar hos Cloudflare: blir sletta automatisk etter tre dagar.
- Besøksstatistikk, og kanal og side lagra med ei bestilling: blir sletta etter 13 månader. Dagens kode for besøkjande blir bytt ut med eit løpenummer natta etter.
Slettinga i databasen køyrer automatisk kvar natt. Opplysningane forsvinn derfor seinast døgnet etter fristen.
Kven som får opplysningane
Vi bruker desse leverandørane:
- ReAI AS i Oslo: betalingssida, bestillinga og rekneskapen vår. ReAI bruker Adyen som betalingsleverandør.
- Vipps, Klarna eller Trustly, dersom du betaler med ein av dei. Dei får opplysningar om betalinga og handsamar dei etter sine eigne personvernerklæringar.
- Cloudflare: driv nettsida og databasen.
- Google (Gmail): e-post til og frå oss går førebels gjennom stener123@gmail.com. Også e-posten med lenkja til dokumentet blir send derifrå, til fullmaktsguiden.no får eigen e-post. Då oppdaterer vi denne sida.
Vi gir ikkje opplysningane dine til andre, med mindre lova krev det.
Informasjonskapslar
Du som kunde får ingen informasjonskapslar frå oss. Den einaste vi bruker, er ein innloggingskapsel for administrasjonssida der Stener ser over bestillingane. Vi bruker ingen sporing eller annonseverktøy frå Google, Meta eller andre, og skriftene blir lasta frå vår eiga nettside, ikkje frå Google.
Besøksstatistikken vår bruker ingen informasjonskapslar og lagrar ingenting i nettlesaren din (sjå «Besøksstatistikk utan informasjonskapslar»).
Betalingssida til ReAI er den eigne nettsida til ReAI og kan bruke eigne informasjonskapslar.
Rettane dine
Du har rett til å:
- få vite kva opplysningar vi har om deg, og få ein kopi (innsyn)
- få retta opplysningar som er feil
- få opplysningar sletta. Det vi må ha i rekneskapen, kan vi likevel ikkje slette før fristen i bokføringslova
- be oss avgrense bruken av opplysningane
- få opplysningar du har gitt oss, i eit vanleg filformat (dataportabilitet)
- protestere mot bruk som byggjer på berettiga interesse
Send ein e-post til stener123@gmail.com. Vi svarar seinast innan éin månad. Meiner du at vi bryt personvernreglane, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Vi oppdaterer denne sida når noko blir endra. Datoen øvst viser når ho sist vart gjennomgått.