Om Fullmaktsguiden
Fullmaktsguiden hjelper deg å fylle ut ei framtidsfullmakt etter punkta i dømet frå Statsforvaltaren, på nynorsk eller bokmål. Tenesta blir driven av Stener Torstensen gjennom enkeltpersonføretaket Torstensen Digital i Hommelvik i Malvik kommune.
Sist gjennomgått November 15, 2026
Kven vi er
Bak Fullmaktsguiden står Stener Torstensen. Han driv Torstensen Digital ENK, som utviklar programvare. Han har laga nettsida, spørsmåla og programmet som set saman dokumentet, og det er han som ser over kvar fullmakt før ho blir send til deg.
Kvifor Fullmaktsguiden finst
Dømet på framtidsfullmakt frå Statsforvaltaren er godt og gratis. Men det er eit Word-dokument der du sjølv må finne ut kva som skal stå att, kva som skal slettast, og korleis fullmakta skal signerast for å bli gyldig. Det kan vere tungt, særleg dersom du ikkje er van med å redigere dokument.
Vi har laga ein enklare veg: spørsmåla kjem i rett rekkjefølgje og er forklarte med vanlege ord, og du får eit ferdig dokument og ei rettleiing for signeringa.
Dette gjer vi
- Stiller deg spørsmåla som dømet frå Statsforvaltaren byggjer på.
- Set saman fullmakta med vala dine, i eit klarare språk enn dømet og på nynorsk eller bokmål.
- Legg til ei vitnepåteikning etter verjemålslova § 82.
- Ser over at dokumentet er rett sett saman før vi sender det.
- Sender deg ei lenkje til dokumentet innan éin yrkedag etter at du har sendt inn svara.
- Gir deg ei signeringsrettleiing med sjekkliste for deg og vitna.
Dette gjer vi ikkje
- Vi er ikkje advokatar og gir ikkje juridisk rådgiving.
- Vi vurderer ikkje om vala dine passar for situasjonen din.
- Vi signerer ikkje og kan ikkje vere vitne.
- Vi oppbevarer ikkje fullmakta for deg og registrerer ho ikkje nokon stad.
- Vi er ikkje ein del av Statsforvaltaren, og Statsforvaltaren har ikkje godkjent tenesta vår.
Statsforvaltaren tilrår å kontakte advokat dersom du ønskjer rettleiing om korleis fullmakta bør utformast for akkurat deg. Vil du heller gjere det sjølv, er dømet frå Statsforvaltaren gratis.
Slik blir dokumentet laga
Fullmakta har dei same punkta og vala som dømet på framtidsfullmakt frå Statsforvaltaren, men vi har skrive teksten i eit klarare språk, med nummererte avsnitt. Der ordlyden har noko å seie juridisk, bruker vi orda til lova: når fullmakta skal gjelde og tre i kraft (verjemålslova §§ 78, 80 og 83), og det vitna bekreftar (§§ 81 og 82). Berre punkta du kryssar av for, kjem med, og namna og det du skriv i tekstfelta blir sette inn der dei høyrer heime.
Du vel om fullmakta skal vere på nynorsk eller bokmål. Lovteksten finst berre på bokmål, så den nynorske fullmakta siterer vilkåret i § 78 og orda frå § 82 på bokmål. Vitnepåteikninga har ordlyden frå § 82: at du oppretta fullmakta av fri vilje og forstod kva ho betyr, og felt for fødselsdatoen og adressa til vitna. Dette står ikkje fullt ut i dømet frå Statsforvaltaren.
Dokumentet blir sett saman av eit dataprogram etter faste reglar. Ingen kunstig intelligens (KI) skriv i det eller les svara dine. Linjene for fødselsnummer står tomme, og dei fyller du inn for hand.
Fullmakta blir gyldig når du signerer ho på papir med to vitne til stades samtidig (verjemålslova § 81). Les meir om vitne til framtidsfullmakt.
Kontakt oss
- E-post: stener123@gmail.com
- Telefon: 959 65 201
- Post: Torstensen Digital ENK, Havnevegen 203, 7550 Hommelvik
- Org.nr. 938 016 992
Skriv gjerne bestillingsnummeret ditt i e-posten dersom det gjeld ei bestilling. Les også kjøpsvilkåra og personvernerklæringa.